Velkomen til Telemark historielag!

Våre formål er:

  • å arbeide for at alt av lokalhistorisk interesse i Telemark blir tatt vare på og verna om
  • å vekke, auke og spreie interesse for og kunnskap om Telemarks historie

Klikk her for å lese meir om historielaget.

Potetopptak på Hjuksebø. Fabrikkpipene på Notodden i bakgrunnen.
Potetopptak på Hjuksebø. Fabrikkpipene på Notodden i bakgrunnen.

Siste nytt

10.02.2020 22:36 Program for årets seminar - Da freden kom til Telemark - Avlyst

Seminaret «Da freden kom til Telemark», som skulle vært arrangert 24.-25. april, avlyses pga smittefaren knyttet til Corona-viruset. Vi håper å kunne arrangere seminaret på et senere tidspunkt.

Les mer om seminaret her:

 Da freden kom til Telemark

28.01.2020 23:00 Kom med forslag til Rikard Berges pris for lokalhistorisk arbeid om Telemark 2020

Prisen blei første gong deila ut i 1988, til minne om lokalhistorikaren, folkeminnesamlaren og museumsmannen Rikard Berge.

Prisen er på 5000 kroner og er meint som ei anerkjenning av god fagleg formidling av og/eller forsking i lokalhistorie til Telemark. Det kan vere for ei eller fleire bokutgjevingar, artiklar, utstillingar eller større innsamling- eller registreringsarbeid. Prisen kan tildelast både enkeltpersonar, lag eller institusjonar.

I 2019 var det Ingulv Burvald frå Stathelle som mottok prisen for ei bok om Telemarks bergverkshistorie. Boka har tittelen «Trachenbergk Bergwerck, Kongens seigerhytte og Traag Mines Ltd. i Bamble, og Mynten i Skien. Telemark 1542–1908. Et renessansebergverk i Bamble og dets historie fra fødsel til grav.»

Sjå denne sida for vedtekter og oversikt over tidlegare tildelingar. Prisen skal delast ut på det årlege seminaret til Telemark Historielag som i år er sett til 24. – 25. April i Rjukan

Vi bed om forslag til kandidatar til prisen.

Eit grunngjeve svar kan sendast til komiteen for Rikard Berges fond v/Anne Haugen Wagn, epost: awagn@online.no. Eller til Solskinnsvegen 8, 3684 Notodden. Dokumentasjon må leggjast ved.

Frist for forslag: 10. mars 2020

Med beste helsing komiteen for Rikard Berges fond
Anne Haugen Wagn (leiar)

Tor Kjetil Gardåsen

Sigrid Bø