Innstilling til Rikard Berges pris 2006

Komiteen for Rikard Berges minnefond vil innstille Rauland Historielag til prisen for 2006. Grunngjevinga er følgjande:

Rauland Historielag har sidan tidleg på 1990 – talet jamnleg gitt ut årbøker med lokalhistorie frå Rauland. I løpet av denne stutte tida har historielaget makta å gi ut om lag 10 årbøker med ulikt innhald. Bøkene er eit verdfullt supplement til Rikard Berge sitt store bygdebokarbeid for Vinje og Rauland.

Rauland Historielag sitt årsskrift for 2005 «Gamle plassar og stoger i grend og utmark» merkar seg ut i årboksserien. Historielaget grunngjev at dei har sett i gang arbeidet med boka slik: «I Rauland, som i andre bygder, er det spor og minne etter gamle plassar i grender og utmark. År for år gror dei att, skogen tar attende dyrka jord og dekker tuft og steinrøys. Til slutt gror gjøymsla over. Men her har det budd folk, småkårsfolk som all si tid streid med å livberge seg og ein stor familie. Dei flutte ifrå stad til stad med von om eit betre liv, men fatigdomen fylgde med på lasset. Det lever framleis att folk som kan fortelje og som minnast. Men tida er inne for å samle denne kunnskapen.»

Det ligg eit stort arbeid bak boka som Rauland Historielag har gitt ut. Ættegranskarar har studert gamle papir, spora opp plassane og freista å fyljge ættene til dei som budde der. Arbeidet har vore innfløkt og vanskeleg og er gjort på dugnad.

Arbeidet er systematisk og nøye gjennomført. Det er verdfullt at eit slik arbeid er sett i gang medan det ennå har vore råd å fa samla inn denne kunnskapen. Rauland Historielag har sett at det har hasta med å få samla inn opplysningar både om på kva for stader plassane låg og kva for menneske som budde der. Eit slikt arbeidet er samstundes eit bidrag til småkårsfolk si livshistorie, som ofte vantar i mange bygdebøker.

Rauland Historielag sitt arbeid er eit fyredøme og mønster for andre bygder til å sette i gong eit liknande arbeid for å ta vare på historie og minne etter store grupper av menneske som har levd i bygdene tidlegare.

Porsgrunn / Bø, april 2006

Sigrid Bø          Kirsten Tangen          Tor Kjetil Gardåsen