|
Rikard Berge var fødd på garden Berge i Rauland i 1881. Han voks opp på ein gard
med eit rikt kulturliv som vekte interessa hans for folketradisjonar, slekts- og
lokalhistorie. Etter lærarskule på Notodden var han lærar på ulike plassar på
austlandet før han i 1907 slo seg ned i Kviteseid. I 1908 gifta han seg med
Johanna Bugge, dotter til professor Sophus Bugge.
Både i åra som lærar, men særleg i perioden 1908 til 1916 dreiv han eit intenst
innsamlingsarbeid. Han hadde studieopphald i Oslo og Københamn, medan han gjorde
arkivarbeid og skreiv av mengder arkivstoff om bygdene i Telemark. Mykje av dette
bruka han i bygdeboka om Rauland og Vinje.
I 1916 vart han tilsett som styrar av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.
Då hadde han til saman publisert over 40 større og mindre arbeid om folkekultur.
Museet vart arbeidsplassen hans til han gjekk av med pensjon i 1951. Til tross for
dei tronge økonomiske tidene gjorde han ein stor innsats for museet, samstundes
som han skreiv dei to siste band av bygdeboka for Rauland og Vinje. I tillegg
redigerte han tidsskriftet Norsk Folkekutur gjennom 20 årgangar.
(Du kan lese meir om arbeidet hans i årsskriftet nr. 9 1988, m.a ein selektiv
biografi utarbeida av Reimund Kvideland)

Konservator Rikard Berge i samtale med informant Margit Tveiten i Grungedal. Bak sit kona Johanna Bugge Berge.
|