Innstilling til Rikard Berges pris 2009

Øystein Morten takkar Sigrid Bø for prisen for 2009.
Øystein Morten takkar Sigrid Bø for prisen for 2009.
Komiteen grunngjev valet slik:

Øystein Morten si bok om Eidsborg stavkykje representerer eit nytt, annleis og utvida syn på stavkykjene. I boka er ei lita bygdekyrkje sett inn ein samanhang som dekker både byggeskikk, folketru og religiøs historie. Dette gir ei vidare forståing av både Eidsborg stavkyrkje og norske stavkyrkjer.

Øystein Morten er religionshistorikar og har bruka fire år på å granske kjeldene til Eidsborg stavkyrkje. Boka er livshistoria til ei av dei mange små stavkyrkjene som i mellomalderen var å finne i kvar eineste bygd i Noreg og som var sentrum for det sosiale og religiøse livet i bygda.

Mykje av stavkyrkjelitteraturen har til no vore av rein teknisk/konstruktiv og arkitekturhistorisk art og skrive av arkitektar og kunsthistorikara. Med sin bakgrunn som religionhistorikar femnar Øystein Morten vidare, og boka har blitt ei omfattande og kontekstualisert historie der den nær tusen år lange soga til kyrkja vert rulla opp. Denne soga spenner frå det fyrste kyrkjebygget som låg på same staden via bruken av kyrkja, nikulsdyrkinga, ombyggningar på 1600 – talet, kvifor kyrkja ikkje vart riven slik som dei andre stavkyrkjene og fram til oppdaginga, defineringa og forståinga av stavkyrkja som kulturhistorisk mennesmerke på 18- og 1900 – talet.

Komiteen grunngjev valet slik:
Øystein Morten si bok om Eidsborg stavkykje representerer eit nytt, annleis og utvida syn på stavkykjene. I boka er ei lita bygdekyrkje sett inn ein samanhang som dekker både byggeskikk, folketru og religiøs historie. Dette gir ei vidare forståing av både Eidsborg stavkyrkje og norske stavkyrkjer.

Øystein Morten er religionshistorikar og har bruka fire år på å granske kjeldene til Eidsborg stavkyrkje. Boka er livshistoria til ei av dei mange små stavkyrkjene som i mellomalderen var å finne i kvar eineste bygd i Noreg og som var sentrum for det sosiale og religiøse livet i bygda.

Mykje av stavkyrkjelitteraturen har til no vore av rein teknisk/konstruktiv og arkitekturhistorisk art og skrive av arkitektar og kunsthistorikara. Med sin bakgrunn som religionhistorikar femnar Øystein Morten vidare, og boka har blitt ei omfattande og kontekstualisert historie der den nær tusen år lange soga til kyrkja vert rulla opp. Denne soga spenner frå det fyrste kyrkjebygget som låg på same staden via bruken av kyrkja, nikulsdyrkinga, ombyggningar på 1600 – talet, kvifor kyrkja ikkje vart riven slik som dei andre stavkyrkjene og fram til oppdaginga, defineringa og forståinga av stavkyrkja som kulturhistorisk mennesmerke på 18- og 1900 – talet. Gjennom heile denne historia går bygdefolket sitt tilhøve til kyrkja som ein raud tråd.

Boka spring ut av den interessa for stavkyrkja som har vore levande i lokalmiljøet. Mykje av kjeldematerialet er samla inn av folk i Vest – Telemark og stilt til rådvelde for forfatteren, som handsamar dette vidare. Ulike fenomen av materiell og immateriell art vert forklart og tolka. Lokale myter og segner er haldne opp mot skriftlege kjelder som kyrkjerekneskapane for å finne kva som er sanning og kva som er reine folkloristiske element eller seinare effektfull stas. Tilsette ved Vest – Telemark Museum har vore eit fagmiljø som forfatteren har støtta seg til og drøfta tankar og idear med. Boknemnda er også sett ned av museet.

Komiteen legg i si vurdering vekt på at det her er skrivi ein større samanhangande monografi om eit kulturhistorisk emne frå Telemark. Det er skrive få monografier frå Telemark. Denne faglitterære genren er krevjande, ettersom den krev ei inngåande, kjeldekritisk og analyserande undersøking av eit avrensa emne. Gjennom prisutdelinga vil komiteen både trekke fram Øystein Morten si bok, men samstundes nytte høvet til å rette søkelyset mot monografien som framstillingsform.

Verd å merke seg i boka er dei tekningane som Anders Kvåle Rue har laga. Dei illustrerar tekststoffet med m.a. rekonstruksjonsteikningar av korleis kyrkja har sett ut til ulike tider og viktige bygningsdetaljar. Leif Jamtveit har bidrege med gode fotografi.

Boka er skriven på bakgrunn av ei moderne tradisjonsforståing der stavkyrkjehistoria er ein del av ei historie om folkeleg og kyrkjeleg religionsoppfatning, folketru og allmenn kyrkjehistorie. Det perspektivmangfaldet som ein slik tilnærming gir rom for ber framstillinga på ein klargjerande, innsiktsfull og utdjupande måte. Øystein Morten har med si bok gitt Eidsborg stavkykje ein kontekst som alle kulturminne fortener å bli sette i – skapt og forstått av levande og tenkande mennesker til alle tider.

Porsgrunn / Bø, april 2009
Sigrid Bø                  Tor Kjetil Gardåsen                  Ellen Rodvang