Rikard Berges pris for lokalhistorie

Les om vinnerne av Rikard Berges pris her
Les om vedtekter for Rikard Berges pris her

Kven var Rikard Berge?

Rikard Berge var fødd på garden Berge i Rauland i 1881. Han voks opp på ein gard med eit rikt kulturliv som vekte interessa hans for folketradisjonar, slekts- og lokalhistorie. Etter lærarskule på Notodden var han lærar på ulike plassar på austlandet før han i 1907 slo seg ned i Kviteseid. I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge, dotter til professor Sophus Bugge.

Både i åra som lærar, men særleg i perioden 1908 til 1916 dreiv han eit intenst innsamlingsarbeid. Han hadde studieopphald i Oslo og Københamn, medan han gjorde arkivarbeid og skreiv av mengder arkivstoff om bygdene i Telemark. Mykje av dette bruka han i bygdeboka om Rauland og Vinje.

I 1916 vart han tilsett som styrar av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Då hadde han til saman publisert over 40 større og mindre arbeid om folkekultur. Museet vart arbeidsplassen hans til han gjekk av med pensjon i 1951. Til tross for dei tronge økonomiske tidene gjorde han ein stor innsats for museet, samstundes som han skreiv dei to siste band av bygdeboka for Rauland og Vinje. I tillegg redigerte han tidsskriftet Norsk Folkekutur gjennom 20 årgangar.

Du kan lese meir om arbeidet hans i årsskriftet nr. 9 – 1988, m.a. ein selektiv biografi utarbeida av Reimund Kvideland.

Konservator Rikard Berge i samtale med informant Margit Tveiten i Grungedal. Bak sit kona Johanna Bugge Berge.
Konservator Rikard Berge i samtale med informant Margit Tveiten i Grungedal. Bak sit kona Johanna Bugge Berge.