Om Telemark historielag

Telemark historielag vart stifta i 1979, og den fyrste leiaren var Claus Krag (1979-1984). Laget har sidan stiftinga hatt både personlege medlemmer og lag som medlemmer. Seinare leiarar har vore Håkon Livland (1984-1986), Øyvind T. Gulliksen (1986-1993), Ellen Schrumpf (1993-1994), Ingvar Skobba (1994-2015) og frå 2016, Olav Rovde (2015-2016). Laget har sidan 1989 delt ut Rikard Berges pris for lokalhistorisk arbeid om Telemark.
Hovudsakene  har vore å arrangere seminar rundt om i Telemark om ulike lokalhistoriske tema. Når det gjeld seminar frå 2006 og utover, sjå tidlegare seminar under Seminar.

Laget har sidan 1980 gitt ut årsskriftet Telemark historie. Fram til 2014 utgjer det over 4 000 sider lokalhistorie. Sidan 1984 har laget  arbeida med ideen om å få skrive ei Telemarkhistorie. Det blei realisert da trebindsverket Telemarks historie kom ut i 2014.  Laget har rundt 290 medlemmer, og av dei er 17 historiesogelag.