Vedtekter for Rikard Berges pris

Rikard Berges pris for lokalhistorie i Telemark

§1
Rikard Berges pris er ein pris til fremje av godt lokalhistorisk arbeid i Telemark.

§2
Kvart år skal det delast ut pris for lokalhistorisk arbeid om Telemark. Vilkåret er at det blir funne verdig(e) kandidat(ar). Styret i Telemark historielag kan vedta at det enkelte år ikkje skal delast ut pris.

§3
Prisen ligg under styret til Telemark historielag, som fastset vedtektene.

§4
Prisen blir delt ut av styret i Telemark historielag etter innstilling frå ein komite sett saman av tre personar. Historikarmiljøet tilknytta HSN ved studiestad Bø, Telemark Museum og styret i Telemark historielag vel kvar ein representant. Medlemene skal veljast for tre år om gangen. Representanten for historielaget leier arbeidet i komiteen.

§5
Komiteen hentar inn forslag til kandidatar.

§6
Prisen er for tida på kr 5000,- og eit diplom, og blir delt ut under historielagets årlege seminar.