Innstilling til Rikard Berges pris 2007

Ragnvald Christenson (til venstre) og Ragnar Lurås får prisen for 2007 av Tor Kjetil Gardåsen frå komiteen på seminaret i Porsgrunn 21. april.
Ragnvald Christenson (til venstre) og Ragnar Lurås får prisen for 2007 av Tor Kjetil Gardåsen frå komiteen på seminaret i Porsgrunn 21. april.

Komiteen for Rikard Berges pris for lokalhistorisk arbeid vil gjere framlegg om at prisen for 2007 vert utdelt til Ragnar Lurås og Ragnvald Christenson si bok: «Ljos og kraft til alle heimar».

Boka tar for seg dei 16 åra kraftutbygginga i Vest-Telemark pågjekk, frå 1956 til 1972. Boka kom ut til 50 års markeringa i 2006 for oppstarten av verksemda. Lurås er forfattar og Christenson har hatt ansvaret for biletstoffet i boka. Telemark Magasinets Forlag er utgjevar.

Boka peikar seg ut ved at den alt såpass kort tid etter at anlegga vart fullførte tar opp historia til brei handsaming. Ved dette oppnår ein m.a. at historia vert skriven medan mange menneske som var med framleis lever. Ved dette kan skriftlege kjelder fyllast ut med folks eigne minne, m.a. kan menneske på bileta kjennast att.

Styrken i boka er elles det store kjeldetilfanget som er nytta og den store breidda framstillinga har fått. Boka er på heile 336 sider. Framstillinga dekker både sjølve anleggshistoria og den menneskelege sida med daglegliv og arbeidsliv.

Biletredaksjonen må framhevast spesielt. Om lag 1000 bilete er gjennomgått og 500 av dei valde ut. Biletmaterialet aleine gir boka stor eigenverdi.

Komiteen ønsker derfor å tildele boka Rikard Berges pris for lokalhistorisk arbeid for 2007.