Innstilling til Rikard Berges pris 2015

Prisvinnerne Aasta og Øystein Kostveit. Foto: Halvor Ulvenes
Prisvinnarane Aasta og Øystein Kostveit. Foto: Halvor Ulvenes

Rikard Berges pris for 2015 går til to personar med lang fartstid innafor lokalhistorie, folkekultur og folkekunst. Mange vil sikkert undre seg over at dei to ikkje har fått prisen tidlegare.

Med innsikt og engasjement har dei granska og formidla folkekulturen i vid meining. Dei har hatt ei livslang interesse og kjærleik til sine emnefelt, som spenner over tradisjonskunst, bygdekultur, bilet- og skulpturkunst, kunsthandverk og folkekunst som tradisjons – og samtidsfenomen. Den sterke interessa har resultert i ei rekke bøker innafor desse emneområda med både lokalt og nasjonalt perspektiv. Som lærarar/lektorar ved Høgskulen i Rauland har dei formidla innafor dei same greinene til studentar, kollegaer og publikum.

Den eine av prisvinnarane har hatt kunst, kunsthandverk og folkekunst som eit av sine fag- og interessefelt. Blant arbeid kan trekkast fram bøkene om bilethoggaren Knut Skinnarland, multikunstnaren Øystein Vesaas og om uteskulptur i Vinje og Rauland. Innafor området handverkstradisjonar har Norsk knivbok blitt ståande som eit standardverk i knivmiljøet. Eit anna hovudfelt er lokalhistorie med bl.a. bøkene om Møsstrond og Rauland og kulturhistorisk vegbok for Vinje og Rauland. For tida held han på med eit arbeid om bilethoggaren Tor Vaa.

Den andre prisvinnaren har også hatt si interesse innafor folkekunsten, særleg folkekunsten si ikoniske verd. Dette har resultert i bøker som Fuglen i folkekulturen, Hesten i myter og folkekultur og Kors i kake og skurd i tre. Eit anna emneområde er matkultur som tradisjon, slik som boka Ta til takke – flatbrød, lefser og annan takkebakst. Saman står dei m.a. bak boka om Rauland kyrkje.

Fleire av arbeida bygger på omfattande dokumentasjon med framleiting og oppsporing av kjelder. Dette har blant anna ført til at fleire kunstnarar som vi har visst lite om har blitt løfta fram og arbeida deira blitt registrerte og dokumenterte. I samarbeid med forlaga har bøkene fått ei vakker formgjeving med fine bilete.

Granskande nysgjerrigheit og refleksjon kring kulturfenomen i gamal og ny tid har prega liv og verksemd hjå dei to. Gjennom sine arbeid har dei hatt eit ønske om å løfte fram den rike kulturen i Vest-Telemark, ein kultur som ofte var skapt av folk som sat i små kår, men som hadde trong til å gjere noko ut over det kvardagslege. Både den skriftlege og munnlege formidlinga har gitt folk i og utanfor Vest-Telemark høve til å oppleve vakre ting og få kjennskap til tradisjonar, kunst og kulturmiljø.

Rikard Berges pris for 2015 vert tildelt Aasta og Øystein Kostveit, Rauland.