Innstilling til Rikard Berges pris 2019

Ingulv Burvald får prisen av Sigrid Bø og Anne Haugen Wagn.
Ingulv Burvald får prisen av Sigrid Bø og Anne Haugen Wagn.

Ingulv Burvald får Rikard Berge-prisen for 2018

Ingulv Burvald frå Stathelle mottok Rikard Berges pris for lokalhistorie på Morgedal hotell fredag. Han mottok prisen for ei bok om Telemarks bergverkshistorie.

Boka har tittelen «Trachenbergk Bergwerck, Kongens seigerhytte og Traag Mines Ltd. i Bamble, og Mynten i Skien. Telemark 1542–1908. Et renessansebergverk i Bamble og dets historie fra fødsel til grav.»

Boka tar for seg grunnlaget, geologien og minerala i Tråkfeltet i Bamble. Men denne historia blir knytta til bergverka både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Boka fortel om den tidlege gruveverksemnda i Fyresdal og i Seljord, produksjon av kobber og sølv i Bamble og av sølvmyntar for kongen ved Gimsøy Kloster. Boka inneheld også ein detaljert omtale av gruvene på Tråk og Rafnes.

Boka er ein omfangsrik og fantastisk dokumentasjon av ein av våre første industriaktivitetar i Noreg. Boka er på 315 sider, og ho er rikt illustrert med eit mangfald av interessante kjelder. Burvald kombinerer sine kunnskapar om geologi, mineralogi med bergverkshistorie. Her er lokalhistorie og allmenn kulturhistorie. Det har blitt eit bokverk som er rikt på både perspektiv og innfallsvinklar.

Om forfatteren

Ingulv Burvald har vore ingeniør ved Saga Petrokjemi/Statoil/Borealis sida starten av petrokjemien i Bamble. Han er nå pensjonist og er levande opptatt av industrihistorie, bergverk og metallurgi.

Burvald er dessutan kjend som ein av landets fremste amatørgeologar, og har ein av dei største og flottaste private mineralsamlingar i Noreg. Burvald har samarbeidd med Gea Norvegica Geopark om undervisning om geologi og bergverkshistorie i skolane og er ein mykje bruka foredragshaldar.

Rikard-Berge-komiteen er oppnemnt av Telemark Historielag. Anne Haugen Wagn leiar arbeidet saman med Tor Kjetil Gardåsen og Sigrid Bø. Prisen blei oppretta i 1989 og blei delt ut første gong i 1990.

Bø/Skien/Notodden, mars 2019